Please use this identifier to cite or link to this item: https://repository.ifla.org/handle/123456789/244
Title: Retningslinjer for bibliotektilbod til barn i alderen 0–18år. Andre utgåva (revisjon av retningslinjene frå 2003)
Other Titles: IFLA Guidelines for Library Services to Children aged 0-18. 2nd Edition (revision of 2003 Guidelines)
Authors: IFLA Libraries for Children and Young Adults Section
Rankin, Carolynn
Keywords: Subject::Children
Subject::Libraries for children
Subject::Management
Subject::Young adults
Issue Date: Jan-2020
Publisher: IFLA
Abstract: IFLA-seksjonen for barn og unge har revidert retningslinjene for barnebibliotek (Guidelines for Children's Libraries Services), som sist kom ut i 2003, for å vise kva som er mønsterpraksis i bibliotektenester for barn.IFLA-standardane er dokument som blir gjennomgått, offentleggjorde og jamleg oppdaterteinternasjonalt, og kvart av dei er uttrykk for gjengs oppfatning av prinsipp, retningslinjer, bestepraksiseller modellar for ein bestemt aktivitet eller ei bestemt teneste. Det er stor variasjon i situasjonen for dei offentlege biblioteka rundt om i verda. For mange barnebibliotekarar vil desse IFLA-retningslinjene vere noko å strekkje seg etter i det daglege arbeidet medå skaffe dei nødvendigaste bøkene og å gi lesestøtte. Retningslinjene er ikkje eit sett reglar om korleis eitideelt bi bliotektilbod for barn i alle evnegrupper skal utformast. Dei gir vink om kva som kan la seg gjere når ein tek omsyn til den store variasjonen i sosiale, kulturelle og økonomiske forhold i utviklingsland, mellominntektsland og industriland. Kvart offentleg bibliotek har sitt publikum å tene, derfor erprioriteringane og brukarbehova ulike. IFLA-retningslinjene for bibliotektenester til barn i alderen 0–18 år kan tene som hjelp til å utvikle og forbetre bibliotektenester til barn i alle regionar i verda.Desse retningslinjene tek til orde for å utvikle effektive bibliotektilbod til alle barn utan omsyn til evner. Dei gir derfor rettleiing til alle i biblioteksektoren om kva barn treng og har krav på når det gjeld informasjon, lese- og skriveferdigheiter og høve til å lese. Formålet er å hjelpe offentlege bibliotek til å gi barn eit fullverdig tilbod i den digitale tidsalderen og å innrette seg på at biblioteket har fått ei ny rolle i det moderne samfunnet. Debatten rundt den globale visjonen til IFLA viser at biblioteka er sterkt forplikta til kjernefunksjonane – støtte til alfabetisering, læring og lesing – og har fokus på lokalmiljøa våre. Kvalitet i og lese- og skriveopplæringa er anerkjent i visjonen forberekraftsagendaen til FN (Agenda 2030). Dei reviderte retningslinjene byr på oppdatert kunnskap og fagleg innsikt for dei som planlegg eller utfører bibliotektenester og program for barn. Dei er innretta på praktiserande bibliotekarar, bibliotektilsette, bibliotekleiarar og administratorar og på studentar og førelesarar ved fakultet for bibliotek- og informasjonsfag. Retningslinjene kan tene som kunnskapsgrunnlag for avgjerdstakarar og dei som arbeider med å utforme ein bibliotekpolitikk. Informasjonen vil òg vere til hjelp for frivilligeorganisasjonar som støttar alfabetiserings- og leseprogram for barn og familiane deira.
URI: https://repository.ifla.org/handle/123456789/244
Appears in Collections:Documents

Files in This Item:
File Description SizeFormat 
ifla-guidelines-for-library-services-to-children_aged-0-18-no.pdfRetningslinjer for bibliotektilbod til barn i alderen 0–18år - 2018407.79 kBAdobe PDFThumbnail
View/Open


This item is licensed under a Creative Commons License Creative Commons