Retningslinjer for bibliotektilbod til barn i alderen 0–18år. Andre utgåva (revisjon av retningslinjene frå 2003)

Loading...
Thumbnail Image

Authors

IFLA Libraries for Children and Young Adults Section

Journal Title

Journal ISSN

Volume Title

Publisher

International Federation of Library Associations and Institutions (IFLA)

Abstract

IFLA-seksjonen for barn og unge har revidert retningslinjene for barnebibliotek (Guidelines for Children's Libraries Services), som sist kom ut i 2003, for å vise kva som er mønsterpraksis i bibliotektenester for barn.IFLA-standardane er dokument som blir gjennomgått, offentleggjorde og jamleg oppdaterteinternasjonalt, og kvart av dei er uttrykk for gjengs oppfatning av prinsipp, retningslinjer, bestepraksiseller modellar for ein bestemt aktivitet eller ei bestemt teneste. Det er stor variasjon i situasjonen for dei offentlege biblioteka rundt om i verda. For mange barnebibliotekarar vil desse IFLA-retningslinjene vere noko å strekkje seg etter i det daglege arbeidet medå skaffe dei nødvendigaste bøkene og å gi lesestøtte. Retningslinjene er ikkje eit sett reglar om korleis eitideelt bi bliotektilbod for barn i alle evnegrupper skal utformast. Dei gir vink om kva som kan la seg gjere når ein tek omsyn til den store variasjonen i sosiale, kulturelle og økonomiske forhold i utviklingsland, mellominntektsland og industriland. Kvart offentleg bibliotek har sitt publikum å tene, derfor erprioriteringane og brukarbehova ulike. IFLA-retningslinjene for bibliotektenester til barn i alderen 0–18 år kan tene som hjelp til å utvikle og forbetre bibliotektenester til barn i alle regionar i verda.Desse retningslinjene tek til orde for å utvikle effektive bibliotektilbod til alle barn utan omsyn til evner. Dei gir derfor rettleiing til alle i biblioteksektoren om kva barn treng og har krav på når det gjeld...

Description

Citation